Kan det vere at eg ikkje har levd slik eg skulle…?

Det er spørsmålet Ivan Iljitsj spør seg, når han forstår at sjukdommen han lir av, kjem til å ta livet av han.

Nynorske klassikarar frå forlaget Skald med bøker som gjer seg på nynorsk – og i bokhylla

Ivan Iljitsj er ikkje ein verkeleg person, men ein oppdikta figur i ei langnovelle av Leo Tolstoj. Eg fekk i sumar gleda av å lese ho i forlaget skald og oversetjar Geir Pollen si nynorske språkdrakt.

På heimesida til forlaget, skriv dei dette om boka:

Javisst er boka ei perle. Og på det halvtanna hundreåret ho har eksistert, er boka av mange medisinarar dissekert med kirurgisk presisjon, i jakta på det som har vore beskrevet som eit mysterium. Kva sjukdom var det som råka Ivan Iljitsj? Særleg på medisinske fakultet i USA, har boka vore på pensum, i følge ein artikkel om boka frå Tidsskriftet. Ivan Iljitsj går fra doktor til doktor, på jakt etter ein diagnose, eit svar, og ein kur. Ingenting av dette finn han, og døden kjem, på uforsonleg vis.

For ein sjukepleiar som mange gonger har fulgt pasienter den siste tida av deira liv, er ikkje boka sjokkerande. Ho beskriv eit ganske vanleg forløp i det mange tenker var kreftsjukdom. Leo Tolstoj var visstnok ikkje ein tilhengar av legestanden, og akkurat det framgår av boka. Ingen standhaftig lege står ved pasienten Ivan Iljitsj si side. Ingen sjukepleiar heller, sjølv om tenaren Gerasim, utførar noko som liknar på sjukepleie. Helsevesenet slik vi kjenner det i Noreg i 2023, finnast ikkje i Ivan Iljitsj sine omgjevnader.

Eit par veker etter at eg las den siste sida om Ivan Iljitsj grufulle død, var eg i bokbyen i Fjærland. Kvar gong eg har vitja denne samlinga av anitkvariat, har eg komen heim med noko frå hylla «helse og medisin», og arbeiderrørsla». Så også denne gong.

På magisk vis vart det Per Fugelli si samling med allmennmedisinske artikler og foredrag, «med sordin og kanon», samt ei bok om privat praktiserende leger i Oslo 1070, og «fortegnelse over Sylehus, Sanatorier, Turberkulosehjem og Rekonvalescenthjem i 1929», det neste eg las, etter Tolstoj.

Observante lesarar vil oppdaga at boka «Med sordin og kanon», er fotografert foran nokre sordinar.

Tilsaman gav desse bøkene meg ei fin tidslinje eg kunne reflektere rundt. I 1886, då Ivan Iljitsj døydde, var ikkje sjukehusvesenet så fint utvikla som i Noreg i 1929. Og sidan 1929 er kapasiteten og kompleksiteten i medisinen utvikla på ein måte vi ikkje kunne forestille oss. Kapasiteten var ikkje god samanligna med dagens tenester. Men også i 1970, var det legemangel. Paxboka om privat praksis har til og med uttrekkbare kart, som viser kapasiteten, og forskjellen mellom beste vestkant og østkanten i Oslo.

Når Per Fugelli i 1990 beskreiv situasjonen, var den kanskje ikkje så mykje betre enn i 1970, men iallefall litt. Og Fugelli hadde vitja England, og snakke varmt om faste leger, som skulle følgje pasienten. Han snakker om korleis ein skal møte pasienten, og korleis det har innverknad på pasienttryggleiken. Med personlege anekdoter, om feil Fugelli har gjort, var han den som i 1990 satte hesten foran vogna. For faste leger fekk vi.

I dag har vi fastlegekrise. Helsevesenet er eit utømmeleg gap med behov i alle kanter. Regjeringa sin helsepersonellkommisjon, påstår at det ikkje er mogleg å løyse, uten å gjere mindre, uten at vi skal gjere meir for fleire pasientar, med færre sjukepleiarar.

Men uansett; med dagens helsevesen, hadde Ivan Iljitsj kanskje kjøpt tenester av ein doktor som kunne noko om kreftsjukdom. Han ville kanskje vitja fastlegen sin, og han hadde mykje mogleg fått eit pakkeforløp for kreft. I kommuner som satser, så ville det ha vore ein kreftkoordinator, og på den lokale sjukeheimen hadde det kanskje vore ein ressurssjukepleiar i palliasjon, som såg til at han fekk god, grunnleggjande sjukepleie. Dersom han budde ein stad i Noreg, der kommunepolitikarar og toppleiing skapte rom for god sjukepleie.

For det var ikkje berre diagnosen som mangla, då Ivan Iljitsj døydde. I engelske termer er begrepet «missed nursing care». Missed nursing care, kan skje om organiseringa rundt pasienten ikkje er optimal, og ressursane for små. Når omsorg ikkje er med i korleis ein planlegg, blir det kanskje til og med det som ei dansk debattbok kaller for «pissedårlig Sygepleje». Ei lita perle av ei bok, som ved første øyekast kan verke som ho berre kjem til å snakke ned sjukepleie, og iallefall ikkje verke rekrutterande. Ei av bidragsytarane i boka skreiv at ho blei forferda når ho blei spurt om å skrive eit bidrag.

«I udgangspunktet stejlede vi over begrebet «pissedårlig sygepleje» og havde slet ikke lyst til at medvirke til bogen, fordi vi begge til daglig arbejder for «pissegod sygepleje». Vi øjnede dog muligheden for at vise netop den betydning, som sygeplejen har, når sygeplejersker får mulighet for at fokusere på sygepleje af god kvalitet.

Tove Linhardt og Ingrid Poulson

Debattboka som er redigert av den nye forkvinde i Dansk Sygeplejeråd, er som sagt ei perle av ei bok. Det svir litt å snakke om pissedårlig sygepleje og pisseirriterende pasienter. Men bak den provoserande tittelen og ordbruken, som nesten ikkje sømmar seg heilt, så kan ein finne tilbake til løysingar på både sjukepleiarmangel, fastlegekrise, og andre kriser i vårt fine helsevesen. Sjukepleien må få plass. Den må planleggjast for, og den må vere sjølvsagt. Og vi må hugse på at medisinsk behandling ikkje kan gjerast uten omsorgsfull pleie.

Dette, og meire til, skal eg og over 100 andre delegatar diskutere den kommande veka, på Norsk Sykepleierforbund sitt landsmøte. Kanskje når eg opp når medlem til kontrollutvalget skal velgjast. Uansett korleis utfallet av valet blir, gler eg meg til å diskutere, debattere i lag med engasjerte sjukepleiarar, ei heil veke til ende.

Og så gler eg meg til å komme att på jobb om ei veke – for å jobbe for p****GOD sjukepleie. Og elles framifrå tverrfagleg samarbeid, sjølvsagt. Og så skal eg fortsatte på boka om pissedårlig ledelse.

Legg igjen en kommentar