Om spanskesjuka og vesteraalens fiskeboller

Kven er du, og kor kjem du frå? Eit spørsmål alle og ein kvar kanskje ein gang i livet har undra seg over..

2020 vart ikkje det året eg trudde det skulle bli. Men heldigvis, er ikkje året over enno, og mykje kan skje.

Det kom ei rar kjensle over oss alle, tidleg i Mars. Vi tenkte. Og handla. Forholdsvis raskt. Som mellomleiar i kommunehelsetenesta var det meir enn nok å henge fingrane i.

Eg angra meg litt ei stund, over yrkesvalet. (Jada, kudos til deg som «ikkje har angra ein dag»). Særleg angra eg då eg havna i karantene, og det uten å ha ei beredskapslager med hermetikk i heimen. Eller handsprit, for den del.

I media herja det diskusjoner om kva me måtte ha i skapet, og etter gamalt, så vart det og raskt ein diskusjon om hamstring, og kor forferdeleg uetisk hamstring er, på alle måter.

Me vokta på kvarandre i butikken. Me observerte andre folk si handlevogn i sideblikket. Me holdt avstand, og dei fleste av oss blei ikkje grepen av panikken. Tvert i mot, me passa på at handlekorga hadde ein anstendig mengde med varer. Det var litt sånn «keep calm and carry on»-stemning.

Likevel, eg måtte planlegge for det verste, og eg måtte faktisk ta eit val. Spaghetti capri og joikaboller vart utkonkurert av vesterålens fiskeboller. Litt fordi eg ikkje kan fordra dei to andre rettane, og litt fordi eg alltid har likt hermetikkboksanes estetikk. Spaghetti capri ser ikkje ut uansett innpakning, og joikaboller er ikkje lengre hermetisert på ein boks, men på kartong.

Det vart raskt ein vane med hermetikk på middagsbordet. Og eg og familien har nok misforstått litt, for eg har framleis ikkje noko beredskapslager, men ganske mange hermetikkbokser i grøn og gul prakt. Tomme.

Eg brukte dei som oppbevaring av skriveutstyr, og blomsterpotte. Faktisk fikk eg rett så mange likes på Instagram, der eg danderte ein plante oppi, og stilte fiskebolle-estetikken opp i kjøkenvindauget i lag med ein vase som såg ut som Frida Kahlo.

Frida Kahlo i celebert selskap.

Men altså. Vesteraalens fiskeboller fekk meg til å tenkje, når pandemien enno var ny for oss. Eg tenkte på dei som gjekk opp veien før meg, og som eg har blitt kjent med, gjennom slektsforskning, gjennom nitidige studier i bygdebøker og databaser.

Eg hadde nemlig ein bestefar, som vaks opp i Vesterålen. Og eg tenkte, at mykje mogleg, så hadde dei ikkje råd til vesteraalens fiskeboller. Eg veit det var tronge kår, og at når oldemor mi, gjekk ut av tida, i barselseng, så kunne ikkje minste bror til bestefar få bo i lag med familien dei andre brørne. Eg veit ikkje om det var mangel på barnepass eller penger som var problemet, men iallefall. Ein adoptera ikkje vekk ungane sine utan at ein må. Og det måtte rett mange, i den tida.

På rorbuferie i Lofoten i 2018, tenkte eg å ta ein spontan tur til plassen bestefar vaks opp. Eg leita på kartet, og fant ut at plassen var fråflytta men framleis i familiens eige. Det gjekk ikkje veg ut dit, og turen vart ikkje noko av, sjøl om ein kunne tinge eit ekstra anløp med hurtigbåten som passerte i leia, fra Sortland. Det var eigentleg litt dumt, for no har dei slutta med anløp til Skålebøl.

Men tanken har ikkje slept taket. Eg har lest i bygdeboka til Øksnes, om korleis dei sleit med å få endene til å møtast ute på Skålebøl, som avkroken heiter.

Med forundring har eg forska meg til bakover i slekta, Og funne at dei til tider lutfattige fiskarane, opphavleg kom med lofotfiske fra Bergen, og at klassereisa hadde gått feil veg, då dotter til mine adelige forfedre, hadde havna i ulykka, med ein sjøkaptein som ikkje holdt ord når det kom til lovnaden om ekteskap. Ein kuriositet på slekskartet, og historia er nøye nedteikna, av etterkommare, som med stolthet har tatt vare på familieskjoldet sitt.

Utdrag fra Marstranderslektens krønike

Mi vakre oldemor, som eg aldri traff, hadde antakelig trela i hendene etter hard arbeid.

Det skrives ikkje meir om den uekte sonen sitt liv og levnet. Men det staselige familieskjoldet til familien Marstrander fulgte ikkje med nordover. Bumerket til slekta som kom etter, det var nok arbeid, og arbeidet adler mannen, er det eit ordtak som lyder. Og kva resten av slekta angår, er husmenn og inderster klart i fleirtal.

Sara Jakoba og Julius Jakobsen, mine oldeforeldre på morfar si side.

Kor kjem du frå, og kva er du laga av?

Kvar og ein med interesse for slektsforskning har stilt seg spørsmålet, og undra seg over om det er noko att i ein sjøl av det som har prega livet til forfedrene.

Og systra til ei anna oldemor nordpå, ho hadde nok og eit strevsomt liv, med hardt arbeid.

Eg hugser den vesle stova ho tante Anna budde i, ilag med sonen, og eg hugser den lange køyreturen for å komme dit, heilt fra Kvaløya til Balsfjord. Ho var bittelita, og gjekk krokbøygd, med ei hand attom ryggen, i ein gange som minna om skøytesteg. Eg hugser at eg som lita jente gjekk bak ho i samme stil, og at latteren satt laust når dei vaksne såg ein ganske presis imitasjon.

På fanget til ho tante Anna, ein gong på 80-talet

Seinare, når eg godt vaksen undra meg over korleis slekta bakover hang i hop, og kven ho tante Anna eigentleg var tanta til, fant eg ein skjebne som brakte lys over ein anna pandemi, i ei anna tid.

Spanskesjuka herja og tok mange liv i Noreg, og i løpets berre to veker i 1918 bar dei 7 daude kropper ut av dette huset.

Tippoldemor Leonora Karoline Indine Henriksen, (Nora, for kjentfolk), og 4 av borna hennar strauk med. I tillegg mista hushaldninga ein leigebuar og ei tenestejente. Det er grunn til å tro at nabogardane ikkje vert spart. Aleine igjen satt Nils Andreas, tippoldefar som enkemann for andre gang.

Alfred og Borghild Nilsen sitt hus på Innelv i Kaldfjorden på Kvaløya. Her mista dei 7 menneskje på to veker i 1918. Foto: Terje Nilsen

Ho tante Anna, og ho som seinare skulle bli mi oldemor, Ragna Lovise, overlevde, det samme gjorde to storebrør, som var ute av redet. Antagelig var dei ikkje heime, sidan dei ikkje vart råka av den svært smittsomme sjukdommen.

Konstanse Hagarda Nilsen, som døde i oktober 1918, kort tid etter konfirmasjonen. Foto: Terje Nilsen

Det kunne gått verre!

Oldemor Ragna gjekk vekk i barselseng i 1944, og etterlot bestemor mi med ansvar for garden, og for småsøsknene. Søstra hennes hadde og sitt å stri med.

Ho gifta seg i Balsfjord, og fekk 6 born. Tre av dei levde opp, og det var ikkje lett. Ektefellen vart sjuk, og budde og døydde på Rønvik i Bodø, landsdelens einaste asyl på den tida.

Eg kan ikkje forestille meg anna at det var eit strevsomt liv. Men eg hugser ikke tante Anna som ei som bar tungsinn. Og kanskje gjorde det til at levde til ho var 92 år. «Det kunne gått verre», er overskrifta på ein notis i avisa Nordlys fra 1946.

Faksimile fra avisa Nordlys, 2. Oktober 1946

Den 3. Juli 1968, i samme avis, er det en nabo, anonym sådan, som vil gratulere ho tante Anna med 70-årsdagen.

«Tross motgang og prøvelser, har hun et humør som kunne vekke andre til ettertanke»

20 år etter denne beskrivelsen sto på trykk, fylte ho tante Anna 90 år. Til gave på denslags runde dagen ho feira, fikk ho nye laksenøter.

Faksimile fra avisa Nordlys 3. Juli 1968

Ho tante Anna, er eit godt forbilde. Ho gjekk vidare i livet tross hendingar som kunne stoppa kvar og ein av oss. Men alternativet var ikkje tilstades for ho Anna. Hardt arbeid var ein dyd av nødvendigheit. Om du ikkje sørga for deg sjøl og dine, så var det ikkje mange alternativ.

Tante Anna fremst, ilag med ho Lydia på Storvollen og Johannes Pettersen. Foto: Terje Nilsen

Eg tenkjer med stoltheit på desse kvinnene, før meg. Dei sto støtt gjennom pandemier. Gjennom hendingar som vi ikkje ser så ofte i dagens kvinnehelse. Tallrike barnekull hadde dei, men barnedødeligheten var stor.

Eg kjenner meg privilegert, som kan køyre ned til butikken, og kjøpe ein boks med vesteraalens fiskeboller.

Men eg skal innrømme ein ting. Fiskebollane til mor mi er betre. Eg innbiller meg at nokre generasjoners nedarva kunnskap om korleis du skal få fiskematen finast, er vakuumpakka i lag med fiskebollane ho av og til sender med meg heim. Kanskje burde eg spørre om oppskrifta…

Lysestakane er iallefall heimelaga

2 kommentarer om “Om spanskesjuka og vesteraalens fiskeboller

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s