Kanskje er det ikkje Ken Loach ein skal velje seg, om ein har lyst til å hygge seg med ein god film ein laurdagskveld. Eg og min betre halvdel, har akkurat sett «I, Daniel Blake». (Og for at eg skal slippe å forklare heile plottet, her er anmeldinga frå filmpolitiet).
Eg var jo klar over at det ikkje akkurat var lystig stemning i denne filmen, som handler om den hjartesjuke Daniel, som blir ein kasteball i systemet som eigentleg skal hjelpe. Men i staden for, blir han motarbeida av systemet, og til slutt døyr han, på eit toalett på eit offentleg kontor, rett før han endeleg skal få anka si vurdert.
Det er dramatisk skildra, og Ken Loach sparar ikkje på kruttet. Det er emosjonelt, det er til tider svartkvitt, men likevel er det truverdig korleis systemet blir skildra, kanskje nettopp fordi vi dei siste åra har sett utallige skildringar om korleis systemet NAV ikkje møter menneskja dei skal hjelpe med den naudsynte respekten, er det ikkje vanskeleg å sjå korleis dette kan skje i Noreg og. Ikkje minst etter fjorårets NAV-skandale, som førte til at folk sona i fengsel, uten å ha brutt noko lov.
For nokre veker sidan, såg vi og Ken Loach sin siste film, «Sorry, we missed you». Og kvifor er Ken Loach ein relevant regissør å skrive om på ein blogg som har ordet sjukepleiar i tittelen? For ein sosialdemokratisk sjukepleiar er det sjølvsagt, etter mi meining.
Medan «I, Daniel Blake», gjorde furore i England i 2016, er Ken Loach ein relativt «smal» filmskapar i Noreg. Tematikken
I filmen «Sorry, we missed you», skildrast eit arbeidsliv vi bør unngå for alt ein kan, i Noreg. Det skildrar og eit helsevesen som kjem til å vere vanskjeleg å rekruttere til.
I 2016 vart filmen trykt til den engelske fagrørsla sitt bryst i Storbritannia. Dei opplever den nok som svært relevant. Enno har vi sjansen til å stogge utviklinga, slik at dette ikkje blir den norske sanninga om arbeidslivet og om velferdsstaten.
Er du og ein sosialdemokratisk sjukepleiar? Eller kanskje berre ein av delane, eller ingen? Eller synes du kanskje at Ken Loach sine kritikare har rett? Eg ønskjer at vi skal ta debatten. Om ikkje anna, sjå filmen.
Eg er sikker på at alle kan einast om at vi ikkje vil ha slike tilstandar i Noreg. Personleg, trur nok at at eit politisk skifte trengs for å unngå at vi tek nok eit steg i feil retning.
Og så trur eg ein ting – det finst solidaritet i verda – og eg trur at folk flest hjelper andre når vi ser at vi kan. Det er og ein del av biletet som Ken Loach teiknar for oss.
Og til slutt; dette innlegget vart språkvaska og retta av min norsklærarhusbond. Litt irriterande, men og fint, sidan eg ikkje skriv nynorsk til vanleg.
En kommentar om “Ken Loach på ein laurdag”