«Lønnsoppgjeret er noko som må løysast mellom partane!» er det noko både Jonas og Erna er einige om, så er det akkurat det. Helseministeren og statssekretærene hennar er og tydeleg på det. Ingvild og Bent vil vel og vera samd i det. Det er den norske modellen. Den er vi stolte av, på begge sidar.

Eg, tidlegare tillitsvald og tilsett i fagrørsla (Unio-delen av fagrørsla), no mellomleiar i kommunehelsetenesta, er og einig i det. Som mellomleiar er eg mykje nærare golvet enn eg er toppane i forhandlingsutvala, både sentralt og lokalt. Eg kjem med mine anbefalingar foran eit lønnsoppgjer, eg, og prinsippet er alltid det same; tenesta treng at vi landar på ei løn, som gjer at vi får rekruttert den kompetansen ein treng for å sørge for at kommunane gjev dei lovpålagte, fagleg forsvarlege og omsorgsfulle tenestane.
Det nærmar seg lønnsoppgjer igjen, og eg vert overraska om det ikkje blir streik i år og, som det vart sist gong.
Sjukepleiarar flest er ikke røynd i å streike. Vi er vande med at det er mykje arbeid på førehand, iallefall om ein er på arbeidstakersida, og skal førebu streikeuttak. Men som oftast, så er det heile raskt over. På eit blunk faktisk.
Faren for liv og helse heng over oss som eit damoklessverd, og til tvungen lønnsnemd bær det. Av og til med «krydder» som trussel om lockout, slik som i 2018, då NHO og NSF ikkje kom til semje.
2021 brakte og med seg tvungen lønnsnemd for sjukepleiarane. Utløyst av fare for Brann i eit gjenvinningsanlegg i Fredrikstad, som gjorde at daværende arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen greip inn i konflikta.
No ber sjukepleiarane om å få reell streikerett. Arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik uttalar seg i Dagsrevyen i kveld om at tvungen lønnsnemd må ha legitimitet mellom partane. Det er eg einig i. Og slik eg ser det, er det svært få av fagfolka i helsetenesta som opplever at dei har reell streikerett.
Arbeidstakersida ber om at prinsippet om kontradiksjon blir tatt i bruk. Hadia Tajik er jurist, og kjenner dette begrepet godt, vil eg tru. Og betydninga er ikkje så vanskeleg. Kontradiksjonsprinsippet kunne nok løyst meir om det var tatt meir i bruk.
Ordet kontradiksjon kjem opprinneleg frå det latinske uttrykket Audi alteram partem, som betyr «høyr den andre sida». I antikkens Hellas oppstod «høyr begge sidar» som et generelt prinsipp for å komme fram til en konklusjon når usemje dominerar.
Så når arbeidsgjevarsida varslar om at no er det fare for liv og helse, så ynskjer arbeidstakarane moglegheita til å bli høyr. Kanskje kan dei koma med innspel, til dømes det som vart nytta i Dagsrevyen i kveld. Bemanninga var ikkje høgare ein søndagskveld i februar 2022, enn når konflikta sto på som verst, og arbeidsgjevar drog i naudbremsa. Men då var det fare for liv og helse.
Ein god arbeidsgjevar samarbeidar godt, òg i ein streik. Ein behandler dispensasjonssøknader, slik at streikeuttaket til ei kvar tid er fagleg forsvarleg, slik eg som arbeidsgjevar alltid har ansvar for.
For eigen del, som mellomleiar, må eg sei at eg ikkje ønskjer meg streik som dreg ut i lang tid. Det er ei krevande øving. Eg ønskjer meg fortsatt tillit til den norske modellen, og ein arbeidsminister som verkeleg høyrer på den andre sida.
Eg ønskjer meg at akkurat som i sangen til Joni Mitchell, har vi sett på saka frå begge sidar. Og at vi med kontradiksjon, kan komme styrka ut av ein konflikt som streik er, og jobbe i lag mot det som tross alt er vårt felles mål og lidenskap: dei beste helsetenestane, og dei beste arbeidsplassane.