Påskelektyre

Nokre veker har det no gått, sidan eg las «den lange vakta» av Liv Bjørnhaug Johansen. Eit sterkt vitnesbyrd, som eg kjente meg godt igjen i. Forteljingar både frå sjukehus, heimesjukepleie og sjukeheimar syas saman til ei einaste lang vakt.

For min del, ei vakt som har vart sidan tidleg på 2000-talet, då eg kledde på meg ei kvit uniform for første gongen, og starta vegen mot sjukepleiargjerninga. Først som assistent, ufaglært med 13,7% stilling, seinare alltid i heil stilling, noko anna har eg ikkje hatt sidan sjukepleiarnåla kom på brystet en maidag i 2009.

Den lange vakta satt lenge i. For om ein kjenner seg igjen i det Bjørnhaug skriv, så vandrar tankane, til møter over sjukesenga, med pasientar som har gjort djupt inntrykk. Nokon av dei har vore suksesshistorier. Ikkje med tanke på overleving, men med tanke på kva eg fikk til i lag med pasienten og pårørande, av lindring og hjelp og nokon gonger fødselshjelp, ikkje for born, men for prosessar om forsoning, eller til å ta tak i eigen helse.

Andre historier visste eg ikkje at eg hadde med meg enno, før dei kom fram no, og minna meg om kva eg ikkje fikk til, og kva det førte til for pasienten. Historiar som blir til mellom mine mål for kva eg vil med min sjukepleie – og kva som faktisk er mogleg innanfor rammane. Nokon gongar har diskrepansen vore stor, og skapt ugjenkallelige augeblikk som tilsaman kan kjennast tunge på akslene.

Eg skal hjelpe deg. Det er tittelen på ei anna bok. Vigdis Reisæter skriv om sitt farvel til eldreomsorgen. Ho jobber ikkje lenger som sjukepleiar, og ein kan forstå kvifor, når ein les boka hennar. Boka er full av forklaringar på kvifor det er så livsviktig med kompetanse, ikkje berre sjukepleierkompetanse, men og fagarbeiderane, spesielt i kommunehelsetenesta.

Eg kan bekrefte både Reisæter og Bjørnhaug Johansen sine historier. For mange år sidan, var eg aleine på vakt som sjukepleiar, og i tillegg til eit tyvetalls pasientar på mi avdeling, hadde eg bakvakt for to andre avdelingar. Nyutdanna som eg var, hadde eg ikkje protestert, før etter denne hendinga. Eg var letta når det gjekk mot vaktskiftet, og det hadde gått bra. Så får eg rapport av ein kollega som var ufaglært, om at den eine pasienten ikkje hadde ville samarbeide heile dagen, ville berre lene seg til ei sida, og babla berre når dei spurte om det fikk bra. Eg ante uråd, og gjekk med raske skritt mot rommet, og ganske riktig. Ho hadde fått eit slag. Det hadde pågått i mange timer, på mi vakt. Fordi dei som var satt til å passe på, ikkje hadde kompetanse til å sjå det som eg ville ha oppdaga, om eg var der om morgonen.

Så eg forstår at Reisæter ikkje vil meir. Og eg er alvorleg bekymra fiender bodskapet som Bjørnhaug Johansen kjem med, i slutten av si bok. Ein har faktisk eit val. Ein kan gå.

Mange tar faktisk det valet, så sjøl om søkertallene er høge, så lekk det i andre enden. Eg har for første gong på mange år som sjukepleiar tenkt tanken sjøl. Er det dette eg skal drive med? Eg har aldri forstått dei som vil gjere noko heilt anna enn sjukepleie.

Men etter eit år med pandemi, som har synt oss at deltid og klapping frå balkonger, er det vi får sjølv etter denne unntakstilstanda, då kan ein spørre om viljen er tilstades for å skape eit helsevesen som tek vare på alle arbeidsmaurane sine, anten det er doktor, sjukepleiar eller helsefagarbeidar.

Strukturelle endringar trengs for å sikre at Norge skal være eit godt land å bli gamal og skrøpeleg i. Vi snur oss raskt om når krisa er der. Men den langsomme krisa let vi ta oss igjen.

Kva gjorde vi feil i 2009? Eg skreiv eit harmdirrandes innlegg i sykepleien om nettopp det, i 2009.

Svaret er, at vi gjer dei same feila som vi gjer i 2021.

Den enorme vikarbruken, den bevisstlause brannslukkinga vi tyr til når bemanningsbransjen får veske fram som løysinga, har fungert som ei krykke i eit skada helsevesenet. Men når pasient ligg med brukket rygg, så er det ikkje ei krykke som er svaret.

Vi treng endring. Anerkjennelse av behovet for å investere i kompetanse, og vilje til å nettopp gjøre det, kan føre til eit helsevesen som er sjølvberga.

Tilsaman, så inneheld desse to bøkene alt det som ein politikar treng å vite om kvifor det er lurt å investere i nok bemanning, og riktig kompetanse på plass.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s