Denne overskrifta fanga merksemda mi i dag, eit eller anna sted i feeden min. Eg synes det var ein litt artig vri på det ellers litt dystre ordtaket «memento mori», som betyr noko slikt som «hugs at du skal døy».
Og det er sjølvsagt viktig å hugse at ein skal døy. Men absolutt like viktig, er det faktisk å hugse mor si.
No har eg eigentleg ofte tenkt at folk ofte misforstår, og forvekslar kvinnedagen med morsdagen. Det er ganske vanleg å hylle mor si på kvinnedagen. Takke for at ho har gjort deg til den kvinna du er!
Og det er fint det, altså. Men eg tenker at kvinnedagen bør handle om litt meir enn at mor di er ei fantastisk kvinne, og at ho har oppdradd deg til å bli akkurat deg. Fordi visst det er det mest fantastiske med kvinnedagen, så kan vi vel feire det kvar dag, eller berre slå dagen i lag med morsdagen.
Ein bør faktisk vere litt solidarisk og, på kvinnedagen. Ein bør tenke på sine medsøstre i Polen, som ikkje har tilgang til trygg abort. Ein bør tenke på sine medsøstre som bor i Moria, som absolutt ikkje er noko Soria Moria, og kor ein ikkje i det heile tatt har tilgang på tryggleik. Ein bør tenke på sine medsøstre som opplever vold i nære relasjoner. Ein bør tenke på den oppvaksande slekt, og gå foran som eit godt eksempel, slik at dei også kan hugse mor si, den åttande mars ein gang i framtida.
Men når det er sagt: Ein bør absolutt og hugse mor si. Ein bør hugse kva slags kår ho hadde. Mi mor, fekk aldri jobbe heiltid, sånn fast, på papiret. Men ho jobba heiltid, og vel så det, fordi om, på tross av desimaler i stillingsbrøken. Sjølv har eg aldri takka ja til heiltid. Eg er eit heilt menneskje (akkurat som mor mi!), og eg treng heil stilling, slik at eg kan fø familien min. Ein bør som sagt hugse mor si. Ein bør hugse kva ho sa då ein vart erta på barneskulen, og ho sa at det var greit å ta igjen. (Ertinga tok slutt, så takk for det Mamma.)
Og eg bør hugse kva ho sa den gongen då han i kassa på butikken litt i overkant høgt sa «SABA SELFSIT, JA!», mens han slo varane inn. Eg trur eigentleg ikkje at eg var så gammel at eg heilt visste kva saba selfsit var for noko, men eg gløymde aldri mamma sitt svar; «Ja, hadde mannfolk hatt mensen, så hadde det vore gratis med bind!».

Period Poverty er faktisk eit begrep. Og når mensen fører til fattigdom, så har verden eit problem, seier de på nobel peace center si nettside. Fleire land har tatt til orde for at ein skal få bind og tamponger gratis. Og i Norge så er det faktisk i gratis i forsvaret. (Eit utruleg leven i kommentarfelta når dette vart vedtatt, utruleg nok, men det er ei anna sak). Eller kanskje er det ikkje det, kanskje et det akkurat det som et sakens kjerne.
Når det gjeld saba selfsit, som ikkje finnes meir – så var dei fresk i markedsføringa si når dei blei lansert – «Trygghet gir velvære» og «Har De fått med alt? Vellykket tur er først sikret når De ikke trenger å engste Dem. Særlig ved reiser kan de kritiske dagene komme tidligere enn ventet. Husk SABA de Luxe – bindet med bomull». Dei bussa rundt med reklame, og bind kunne ein plutseleg få kjøpt i butikken. Ikkje berre over disk, innpakka i gråpapir.

Men iallefall: Ho lot seg ikkje pelle på nasen, ho mamma, og det er eg eigentleg er så takksam for. Eg lærte at dette var ikkje noko å skamme seg for. Og det var berre å heve stemma si, og snakke høgt om det. Så, memento mor di. Hugs kva ho har stått opp for, særleg når ho sto opp for seg sjøl.
Og sist – men ikkje minst – Gratulerer med dagen! Ein dag skal vi atter gå i tog igjen, og så skal eg vere med!