Det gjekk ikkje lang tid med applaus for den eine eller den andre kvardagshelten før kjivinga braut laus. Kven er det VERKELEG synd på? Kven er covid-19 verst for? Dette tenkte eg medan eg las eit debattinnlegg i BT i morges, av ein pensjonist som sa det ho tenkte; det er MEG det er synd på!
Sjølv om det heilt klart er synd på ho som skreiv dette, så er det ikkje sikkert vi veit det riktig enno, kven det er mest synd på. For sjøl om vi er eit godt stykke inn i pandemien, og vi tenkjer vi har gjort store ofre alle og ein kvar – så er det lenge til vi ikkje skal ta omsyn til viruset.
Neste sumar er det mange som har vore permitterte som ikkje får feriepenger. Kanskje er det i utgangspunktet lågtlønte barnefamilier det blir verst for?
Av og til synes eg jobben min i kommunal sektor kan vere tøff. Alle blir litt lei av og til. Men eg veit om folk som har hatt heimekontor sidan mars, og som er ikkje har sett andre enn sin «kohort». Korleis halde ut når ein ikkje får den helsebringende delen av arbeidet med seg? Arbeidsmiljøet kan bli litt einsidig når alle ein treff er på andre sida av ein skjerm.
Eg er takksam. Takksam for ein trygg og god jobb. Det er likevel godt når det er helg og eg kan ta fri ei stund. Eg er takksam for den trygge og gode lærerjobben til mannen min.
Vi får båe to feriepengar neste år. Kan vi nytte dei til å reise til fjerne og eksotiske strøk? Kanskje ikkje. Det veit vi lite om no. Ferien min i år vart avvikla. Mykje på grunn av den innsatsen alle har lagt i smittevern. Neste år får være neste år, enn så lenge.
På veg heim frå ferie i år, blei det ytra i baksetet at dette var ein annerledes ferie.
Eg tenkte at den var ikkje så annleis enn i fjor. Vi fant ein krokete veg frå Vestlandet til Trøndelag, med eit stopp på eksotiske og rare små steder. Slik vi gjer kvart år.
På eit tidspunkt passerte vi eit sted som mannen min hadde drøymd om siden han var liten gut, og fikk overnatte på ein campingplass med ein heilt episk naturleg badekulp.
Vi stoppa ikkje. Men kanskje til neste år.
Sjølv minnast eg barndommens ferier. Som regel var det strake vegen over Saltfjellet fra Trøndelag til Tromsø. Eg kan hugse at vi overnatta i telt ein gong, men som oftast var det å kjøyre lengst mogleg utan stopp.
Vekene vart så tilbragt hos Bestemor og bestefar. Eg kan hugse at det var ein heim nummer to. Kvar sumarferie i minst 16 år, før frekvensen vart sjeldnare. og minst tredje kvar jul. Nokre haust og påskeferier og. Eg kan hugse at eg sakna Farmor, som budde 50 meter unna meg heime. Men elles hadde eg tilgang på bestemor sin sykkel, og eit heilt byggefelt med unger å leike med. Og eit par tanter som etter klemminga å døme var heilt tussete etter meg.
Dette ville vore trasig den gongen, om covid-19 hadde komen, og stoppa dette. Både for meg, og for bestemor. og det er trasig for mange i desse dager.
I facebookfeeden min har og eit anna avisinnlegg florert sei siste dagane. Hanne Hezlein-Lossius skriv om den massive kritikken ungdommen har fått etter smitta tok seg opp igjen.
Eg sa meg einig. Det var ikkje ungdommen, som var det største problemet i sumar. Det var kanskje oss som var litt eldre. Det var rollemodellene. Og ungdommen, som får endra utdanningsløp og som får framtida satt på spill, skal takst omsyn til. Det er ikkje berre russetid og fadderveka som kanskje blir avkorta i denne pandemien.
I dag, tenkjer eg uansett ein ting: Det er så utrolig lite hjelp, i å diskutere kven som har skulda, eller kven det er mest synd på!
Vi er faktisk alle i same båt. Kvart og eitt menneskje sitt bidrag tel. Nokon er sjølvsagt meir sårbar, og treng at vi lager ekstra god plass i båten. Det er dei i risikogruppane. Det er dei eldste. Det er dei yngste. Det er nokon midt i mellom. Det er alle som blir råka av ein eller annan grunn.
No treng vi at vi ikkje sett sårbare grupper opp mot kvarandre. Vi treng at vi er raus med dei rundt oss. At vi bruker kvar moglegheit vi har til å sjå framover og skaper handlingsrom. Det akutte treng å bli handtert, slik at dei ikkje-akutte helsetenestane får mest mogleg arbeidsro.
Eg tenkjer på Florence Nightingale. (Ja, det er faktisk slik at det finnes eit sitat av Flo, til ei kvar anledning). For som ho har sagt. «Me får gjort så lite, når redsla rår». (Mi oversetting)
How very little can be done, under the spirit of fear!
Florence Nightingale
Eg innleia med å sei at når krybba er tom, bites hestane. Krybba er ikkje tom. Men vi treng at ressursane blir fordelt slik at dei som treng det blir ivaretatt. For krybba er ikkje utømmelig. Sjølv for ein oljenasjon som Noreg, er det botn i ho.
