Fagforeningsknusing av ei anna verd – om Amazon sine metoder

Tidlegare denne veka meldte fleire medier om nettgiganten Amazon sin inntreden i Sverige. Kan det være starten på inntoget i resten av dei nordiske landa, og Norge?

Eg liker å handle på Amazon. Det har vore mest bøker. Det er kjapt, greit, enkelt, rett og slett sutalaust. Særleg når ein skal ha ei e-bok til kindle.

Men kvifor er dette verdt å blogge om, tenkjer du kanskje no?

Jo, no skal du høyre. Amazon er kjend for fagforeningsknusing. Eit kjapt søk på YouTube, gjer at ein kan sjå videoer der dei fortel sine tilsette at dei ikkje er MOT fagforeninger, men ikkje akkurat for, heller. Det er, det vi kan kalle for årets understatement.

Ironisk nok kan ein bestille bøker om fagforeningsknusing på Amazon

tek.no blir vi advart mot å gå i fella. Det kan koste oss dyrt, dei valga vi tek i dag. I morgon kan bokhandlaren på hjørnet nemlig forsvinne om vi ikke bruker han.

No bur eg sånn til at eg ikkje har ein liten bokhandlar på eit hjørne. Men eg liker å besøke sånne når eg er på reise. Det er ikkje så ofte, men ingenting slår eit spanande antikvariat som dukker opp rett framfør deg på vandring gatelangs. Til dømes Cappelens forslag i Oslo, og arbeidernes antikvariat. Og for ikkje å gløyme tronsmo. Til og med vindusshopping kan være tilfredsstillande der.

Det er det eine aspektet – og det andre eg undrar litt på, er korleis Amazon vil møte arbeidslivet i Norge, med sine tross alt velregulerte spelereglar? Amazon er kjent for union busting- på norsk fagforeningsknusing. Ta ein titt på denne videoen. Det er ikkje pent, (faktisk ganske stygt), og det bør vekke ei viss trang til å bruke forbrukermakta vi tross alt har.

Frå Amazon sin video til tilsette, der dei ber tilsette snakke med sin manager om dei mistenker «organizing».
Her er teikna på at organisering er i gjære, i følge Amazon.
Snakk om minstelønn og kontraktar? t-skjorter med bodskapet på? Amazon advarer.

Det som kjem fram i videoen er ganske sjokkerande synes eg. Og vi skal vokte oss vel for å la dette få fotfeste i arbeidslivet vårt.

Eg ynskjer «organizing» velkomen, både som tidlegare tillitsvald, og no som arbeidsgjevar. For måten å kontrollere sine ansatte på, er eit gufs fra fortida, og kan ikkje føre noko godt med seg.

James Bloodworth er ein engelsk journalist som har gitt ut bok om forholda for dei tilsette i Amazon. Han jobba undercover på eit amazonlager og skreiv om det. Ho er nett utgitt på norsk, på forlaget respublica.

Tematisk, ser det ut som boka kunne vorte filmatisert av Ken Loach. (Som du kan lese meir om i dette blogginnlegget). Eg legg ho i handlekurven, ikke på Amazon.com, sjølv om ho ironisk nok kan kjøpast der. Fristande, med «one-click-but», som dei reklamerer med.

Handle di neste bok ein anna stad – det er mi klåre oppfordring.

Blir dette den siste boka du bestiller frå amazon?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s