Eplekake med krem

I kveld tenkjer eg på eplekake med krem. Og på dei store kontrastane tre små kinesere sang om i 1987.

Plata med låta kom i 1991, og Ulf Risnes skreiv sangen etter ei avisoverskrift som lyste mot han idet han skulle fortære eit stykke eplekake, der han satt på cafe 3b, og las om bomberegn i Beirut, ein dag i 1987

Eg frekventerte ikkje cafe 3b i 1987, naturleg nok, siden eg var 8 år. Men seinare, i studietida, gjekk eg på cafe 3b. På mormors stuer. Og på cafe Dali. (Favoritten). Eg tok aldri eksamen i sosiologi grunnfag. Men eg hugser godt veggene på Dali. Seinare vart krambua, litt lengre bort i samme gata, favoritten. Fru Lundgrens også, i kjellaren på Olavskvartalet. Og Trondheim mikrobryggeri. Livet var litt sånn «cafe ye ye».

Faksimile fra Aftenposten i 2005. Bomberegn i Beirut da også.

Cafe Dali er forlengst lagt ned. Eit besøk på 3b ville kanskje ikkje vore det samme. Trondheim er litt forandra.

Men framleis er det bomberegn i Beirut, som «tre små» syng om i sangen. Bomba som gikk av i dag er kanskje ikkje ei krigshandling, men ei ulukke.

Men likevel:

Ingen er fri, før alle er fri, det var kanskje det alvoret som sank innover meg når eg hørte tre små på discman, og gikk på 3b, eller Dali, eller krambua.

Livet var lettvint og trygt, og for meg er det framleis det, for her er ikkje bomberegn anna enn når eg slår på nyhenda.

Og i hagen har eg epletre. Kanskje kan eg bake kake om eg vil. Og i Beirut er det bomberegn.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s