Hjelp, eg er på podkast!

Før sumarferien så lanserte sjukepleiarforbundet noko så sprekt som ein podkast! Og eg, som fylte 40 i fjor, fikk gleda (og æren) av å bidra i ein episode, nummer 5, for å være heilt nøyaktig. Rett og slett veldig kjekt. Særleg sidan eg fekk snakke om Davina Allen, og sjukepleiarane sitt usynlege arbeide. Skreve med utgangspunkt i Storbritannia og NHS, og om sjukehus – men eg finn tematikken ganske relevant for organisering i sjukeheim og.

Eg kjem attende til den tematikken i ein seinare bloggpost – og så skal eg rett og slett gje deg lenka til podden.

Foruten mitt eige bidrag, så er det og ein særs interessant episode med Camilla Tepfer om digitalisering, Leo Kant om kriseleiing, Ingeborg Sennesett om samfunnsdebatten, og Lars Berrum om humor i sjukepleien.

Den siste episoda, med Bent Høie, skal eg nok og få høyrt ein dag eg har ein time til overs.

Elles: knall jobba av forbundsleiinga. Og om du følger med på sida til podden på Facebook, er dei lydhøre for kva publikum ynskjar seg.

Så folkens! Lytt til sykepleierpodden! Og kom gjerne med tips om andre podkaster som er verst å lytte til.

Lytt her

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s