Ja til meir rørsle i fagrørsla!

Fagforbundet har ein ganske stor plass i mitt hjarte. Det var mitt første forbund. Eg var ufaglært, og jobba på tannlegekontor, sidan som assistent på sykehjem, i heimetenesta, og på ein avlastningsbolig for barn. Kvilande nattevakt, såkalt. Stolt medlem av fagforbundet.

Eg fekk etterkvart ei stilling i kommunen, på helg. Tretten komma eit eller anna %

Eg jobba sjølvsagt langt over heil stilling. Og eg var jo berre ei sjel og ei skjorta, så det gjekk jo greit. Men eg forsto noko, etterkvart. For å få jobb, så må du ha ei utdanning. Og for å gjere akkurat denne jobben må du faktisk ha meir kunnskap.

Eg starta på sjukepleien, og gjekk over til NSF. Eg ville vere i den organisasjonen som fronta faget. Det var på den tida Bente Slaatten var forbundsleiar, og sidan har pendelen svingt i NSF, mellom fag og arbeidsvilkår, etter kva for leiar ein har hatt. No har eg mykje lengre medlemskap i NSF enn i fagforbundet, og eg går nok ikkje tilbake. Men eg synes det er interessant, forskjellen på dei to forbunda, i politikk og kva kampa ein velger.

for at me skal komme noko veg i fagrørsla, så må vi ha meir rørsle!

Arvid Langeland, tidlegare foretakstillitsvald i Helse Bergen

Ein tidlegare tillitsvaldkollega og forbundsfelle sa at for at me skal komme noko veg i fagrørsla, så må vi ha meir rørsle! Det synes eg var godt sagt, og eg synes nok til tider at det ikkje har vore nok rørsle i NSF. Ei anna stemning har bredt seg etter sist landsmøte. Leiinga er skifta ut, og ordskiftet har vore meir tydeleg. Vi merker det ute, iallefall vi som er over gjennomsnittet interessert.

No kvesser alle parter våpna til kamp i årets hovedoppgjør. Sånn er det alltid. Norsk industri seier at frontfagsmodellen skal gjelde. Norsk sykepleierforbund seier endeleg noko om at det ikkje løyser utfordringane i sektoren. Og fagforbundet seier at sjukepleiarane ikkje fortener meir enn andre. Uklokt av Mette Nord, særleg i forhold til dei sjukepleiarane ho sjølv har organisert hos seg.

Og eg, trur at vi treng meir samhold, og meir tydeleg plassering av ansvar aller høgast opp i systemet.

Plakat utstilt på arbeidermuseet i Oslo

Mykje av dette er eit spel for media. Og hadde ikkje vore mykje artig om vi sku ha såte stille i båten til ei kvar tid.

Men også i fagrørsla treng ein å støtte seg meir på kvarandre. Om sjukepleiarane i UNIO gjer det godt i eit oppgjør, så er det ikkje slik at vi trekk stigen opp etter oss, slik at LO sine helsefagarbeidere blir hengande etter. Tvert i mot. Men utviklinga må kanskje skje over tid, og sjåast i samanheng over fleire oppgjer.

Eg trur fagrørsla hadde tent på å stå samla. Men når krybba er tom, bitast hestane. Det blir splitt og hersk, som folket på gulvet lir under. For der skal dei vise moderasjon, mens toppleiinga unntar seg litt ekstra.

Vi treng alle. Innsatsen til dei forskjellige faggruppene er like mye verd. Men det er eingong slik at NSF forhandlar for sine, og fagforbundet for sine. Argumenta blir deretter, og politikken kvart forbund har vedtatt er forskjellig.

Så er det viktigaste at ein faktisk er organisert, ikkje kva organisasjon ein velger. Norsk arbeidsliv nyt godt av trepartssamarbeidet. Ein må velga ut i frå kva slags politikk ein vil ha.

Vil ein ha denne tilnærminga til faget?

Lill S. Larsen, forbundsleiar i NSF

Eller denne…

Framsida på fagbladet (fagforbundet sitt tidsskrift)

Det er meir nyansert når ein opnar fagbladet, men ein ny vår for varme hender? Det vil vi ikkje ha. Ein ny vår for lønn etter kompetanse og utdanning, det bør komme no. Kanskje kjem det ikkje uten meir rørsle i fagrørsla.

Spelet får være spel, men det er Lier-Hansen sine uttalelser ein bør merke seg om det ikkje går korkje sjukepleiare eller fagarbeidere som veg i lønnsoppgjeret.

KS som tariffområde, treng i alle fall eit løft, og kommuneøkonomien treng ny regjering. Og alle, absolutt alle, som har stått i fronten, treng meir enn applaus og klapp på skuldra!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s