Ingen skal døy aleine!

Dette er trist. Bemanningen er vurdert som forsvarlig, men helsehjelpa skal og være omsorgsfull, det virker å være gløymd.

Eg jobba ein gang for lenge sidan ein stad der vi måtte kjempe for å få fastvakt til døyande pasienter. Beskjeden frå min overordna var at det ikkje var farlig å dø åleine.

Først sa eg fra. Så sa eg opp. Såg meg aldri tilbake.

Vi diskuterte dette på jobb idag, og ein klok kollega sa at «dette får eg ikkje sjanse til å gjere opp att».

Ho har så evig rett i det. Vi må jobbe med hjertet! ❤️

Så då gjer ein alt ein kan for å ordne det fint, verdig, omsorgsfullt først som sist. Du får den eine sjansen.

Glad for å jobbe ein stad med sånne refleksjoner, sjølv om vi og alltid har forbetringspotensiale.

Lei meg for at ein mange plassar ikkje gjev avdelingssjukepleiarane nok handlingsrom, slik at dei er tvungen til å ta avgjerdsler som gjer at dei til slutt sei opp, for at arbeidsgjevarpolitikken ikkje er forenlig verdigrunnlaget. Det er alvorleg. Det lover ikkje godt for framtida.

Samtidig; ein plass går grensa, og eg applauderar alle dei som sett grenser, for seg sjølv og for kva dei vil være med på. Uttalelsen frå den finske vikaren er sidan det første avisopplaget moderert. Men framleis, livsviktig å varsle!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s