Tannfeen og helgedagsfri.

Tannfeen, julenissen, påskeharen. Det finnes ikkje grenser for kva løgner vi i oppdragelsens namn utsett ungane for.

Julenissen opptrer berre ein gong i året, heldigvis, men augeblikket der eg på kyrkjebenken, på julafta , blei spurt om han virkelig fantes, kjem eg nok ikkje til å gløyme på ei stund. Heldigvis vart eg redda både av klokkeklang og orgelbrus, og spede forsøk på allsang.

Verre var det når tannfeen hadde gløymt å byte ut tanna med klingande mynt. I forsøk på å dekke over for tannfeen, svarte eg lakonisk at tannfeen nok hadde F1-dagen sin, når dottera mi spurte kvifor. Vidare forklarte eg at tannfeen nok hadde det frykteleg travelt.

Alt i alt har tannfeen nok fått eit frynsete rykte her i huset. Noko skuldast nok F1-dagen, og noko skuldast kanskje at tannfeen fikk skulda for å ha ete opp ein pose fleskesvor, som nokon (meg) hadde lova på tru og ære at skulle sparast.

I morges, hadde heldigvis tannfeen gjort jobben sin. Mynt (direkte fra dottera mi sin pengepung), og ein tannbørste, låg i glaset når ho vakna. Gleda over at noko magisk hadde skjedd mens me sov, var det godt å vakne til ein sundag i ferien.

Eg hadde jo håpa eg kunne få sleppe denne løgna snart – men samtidig; Det er noko veldig fint med små forseggjorte brev, til ein liten fe som må framstå som litt av ein skapning, i jenta mi sitt sinn.

Brev til tannfeen (og rett til mammahjertet)

Og strengt tatt; Det er ganske fint at ho enno har trua på det magiske. Og at ho faktisk godtek at F1-dagen – den må alle ha..

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s